Hopp til hovedinnhold
Bestill

Omkransa av fjord og fjell kan Fjordslottet invitera til ei personleg og heimekosleg hotelloppleving med heimelaga mat, god drikke, kvite dukar og levande lys i våre intime stover, selskapslokale eller restaurant. På Fjordslottet kan du finna ro for kropp og sjel, nyta eit opphald åleine eller samen med familie, gode vener eller kollegaer.

Selskapslokala våre skapar den gode stemninga for små og store merkedagar som bryllup, dåp, konfirmasjon, jubileum, blåtur og julebord.

Osterøy kan tilby eit mangfald av spennande natur- og kulturaktivitetar og, opplevingar, og Fjordslottet organiserer og legg til rette for at dine ønskje om aktivitet og oppleving kan gjennomførast. «Da ordnar me!»

Historien om Fjordslottet går tilbake til året 1851 då bergenskjøpmannen Carl Joacim Hambro starta Fotlandsvåg Bomuldspinnerie og bygde seg herskapsbustaden som vart hotell frå 1997, samstundes som det vart bygt 2 nye gjesteromshus med 33 rom med balkong. Hotellet har 41 gjesterom og 1 brudesuite. Gratis trådlaust nettverk.

KURS OG MØTER:

Fjordslottet er også eit moderne kurshotell for arbeidsro, konsentrasjon og kreativitet, og har alt nødvendig teknisk utstyr. Det største møterommet er Hambro & Holmes med ein kapasitet på 120 personar i kinooppsett.

Priser

Enkeltrom:
NOK 995
Dobbeltrom:
NOK 598

Kontakt

Adresse:
  • Osterøyvegen 2715
  • 5283 Fotlandsvåg
Telefon:
56 39 50 90
E-post:
fjordslottet@fjordslottet.no
Nettside:
www.fjordslottet.no

Fasiliteter

Frokost:
WIFI/Internett:
Konferansefasiliteter:
Parkering:
Restaurant:
Båt til utlån/utleie:

Grønne sertifiseringer

Fjordslottet Hotell har fått sertifisering for sin miljøinnsats fra:
  • MiljøfyrtårnMiljøfyrtårn
Miljøsertifisering i privat og offentlig virksomhet, inkludert turisme.

Hvor er Fjordslottet Hotell?