Hopp til hovedinnhold

Alle leiligheitene stod heilt nye i 2021 og dei er alle lokalisert i same bygg med felles inngongsparti og hall. To av leiligheitene er etablert i første etasje og to i andre etasje. Leilegheitene er mellom 55 og 70 m2, der dei største har to soverom kvar – eitt soverom med stor dobbeltseng og eitt soverom med to enkle senger. (fire soveplassar) Dei minste har eitt soverom med stor dobbeltseng (to soveplassar).

Branntryggleik og anna tryggleik er godt ivareteke, og kvar leilegheit har sitt eige ventilasjonssystem.

Det er fullt utrusta kjøken i alle leiligheitene med kjøl, frys, vask og kok. Her er alt de treng for å lage eitt godt måltid. Alle fire leiligheitene har sjølvsagt eige bad med dusj/wc i tillegg til eiga klesvaskemaskin.

Leiligheitene er tilknytt fiber og alle fire leiligheitene har eigen TV med moglegheiter for bruk av data.

Leilegheitene ligg nydeleg til like i vannkanten og har sjøutsikt frå absolutt alle rom. Det er gode moglegheiter for bading og/eller fisking like utanfor døra. Uteområdet er under opprusting og framstår i dag som naturleg urørt og ligg like ved restaurant Fru Inga. Her er det stor møblert uteterrasse tilgjengelig for alle gjester. Er du heldig kan du oppleve dyr som lever i og ved havet på nært hald. Det er mellom anna mogleg å møte på oter, havørn, spekkhogger, sjøfugl og nise.

Leikanger eit godt utgongspunkt for opplevingar på Stadlandet.
Berre 20 minutt til Hoddevik for surfing, og enda kortare til stranda i Ervik. Det er surfeskule like i nærleiken med gode moglegheiter for å leige surfeutstyr for heile familien.

Stadlandet har 18 merka turløyper i området. Dei er fantastiske og gir god rekreasjon og avkopling, samstundes som fleire av dei byr på fysiske utfordringar. Alle turløypene er gratis å bruke og er godt merka. Her har du 360 grader utsikt heile vegen! Lett turterreng utan noko vegetasjon som dekker for utsikten til himmel, hav og fjellplatå.

Liker du å bruke tursykkel er det fantastiske moglegheiter for dette her ute. Du vil finne variert terreng og fine turmoglegheiter til bygdene rundt om på Stadlandet.

Ønsker du å bruke kajakk, SUP-brett eller kano er dette også aktiviteter du lett kan gjennomføre på Stadlandet.

På Leikanger har vi utandørs tennisbane med kunstdekke som sto ny i 2019. Den har internasjonale mål og du kan leige tennisutstyr dersom du treng dette. I tillegg har vi utandørs sandvolleyballbane og ein heilt ny skatepark. Ved skulen er der ei utfordrande aktivitetsløype med ulike hinder som kan nyttast av både små og store.

Stadlandet har med andre ord mykje å by på, så ikkje nøl men ta turen ut hit og bli nokre dagar. På denne måten kan du få oppleve alt Stadlandet har å by på.

Kilde: Nordfjord

Kontakt

Adresse:
  • Borgundvågvegen 50 og 52
  • 6750
Telefon:
E-post:
jarlel68@live.com
Nettside:

Hvor er Fru Inga Apartments?