Hopp til hovedinnhold
Bestill

Bu standsmessig i eitt av dei ærverdige romma i Rettsbygningen – eller kva med ei overnatting i den historiske fengselsdelen av hotellet, der cellene er blitt lekre rom med høg standard?

Gamle Fengselet Kulturhotell har i alt 13 rom. 8 dobbeltrom i fengselsbygningen. 4 doble (der to er superiorrom) og 1 enkeltrom i Rettsbygningen.

Vertskapet serverer deilig frokost i trivelege lokale i fengselskjellaren kvar dag. Her får du frokost av den heimelaga sorten, med ferske og gode råvarer som er så kortreist som råd.

På Gamle Fengselet Kulturhotell er det ikkje eigen restaurant, men i småbyen Stord er det elles mange gode restauranter og spisestader å besøka til lunsj og middag, dei fleste i gåavstand.

Arrangement

Her kan arrangementet ditt "skreddarsyast" - både for private, organisasjonar og bedrifter. I det gamle fengselet på Stord byr Gamle Fengselet Kulturhotell på trivelege fasilitetar i eit spennande historisk miljø.
Anten det gjeld feiring, kurs, workshops eller noko anna. – Ta kontakt , så sørger vertskapet for dei perfekte rammene for akkurat ditt arrangement.

Kulturelle opplevingar

Som kulturhotell lever dei opp til namnet, og tilbyr til ei kvar tid ei rekkje varierte kulturarrangement. Her på Gamle Fengselet finn du til ei kvar tid ulike kulturelle arrangement og opplevingar på kalenderen. Det vil skje mykje framover. Følg Gamle Fengselet Kulturhotell i sosiale medier for siste nytt om kommande arrangement.

  • Facebook logo
  • Instagram logo

Gamle Fengselet Kulturhotell

Se alle tilbudene til Gamle Fengselet Kulturhotell

Kontakt

Adresse:
  • Jens Hystadvegen 14
  • 5417 Stord
Telefon:
481 18 800
E-post:
post@gamlefengselet.no
Nettside:
www.gamlefengselet.no/

Fasiliteter

Frokost:
Resepsjon:
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår

Hvor er Gamle Fengselet Kulturhotell?