Gaupnetunet Hotell er lokalisert mellom fjordbygda Skjolden og Jostedal.
På Gaupnetunet er det 24 hotellrom, alle med TV og eige bad. Hotellromma har utsikt mot elva eller hagen.
Aktivitetar rundt Gaupne
I fjella rundt oss er det mange godt merka fjellturar ein kan gå på eigahand, mange av dei har fantastisk utsikt.
Resepsjonen er behjelpeleg med informasjon om aktivitetane og serverdigheitane i området.
Klimaet ved Sognefjorden er unikt. Våren med fruktblomstring ved fjorden og snø på fjelltoppane. Sommaren er sjølvsagt den mest hektiske tida med mykje aktivitet alle plassar.
Hausten kan ta pusten frå alle og einkvar med alle sine fantastiske haustfargar, dette er også tida for å kjøpe lokal fersk frukt. Vinteren er ei roleg tid, så for deg som likar vinteraktivitetar på ikkje alt for overfylte plassar, så er Gaupnetunet og Pluscamp Sandvik eit godt utgangspunkt.
Mat & Drikke på Gaupnetunet
Velkommen inn i restauranten der det vil bli servert A la carte og Pizza frå mai til september, og ellers middag for buande gjester heile året.