På høgda over tunet på Myrvold Gård står det 2 møblerte telt med 4 sengeplasser i det eine og 2 i det andre.
Som gjest har du tilgang til dusj og toalett og utekjøkken. Frukost er inkludert i prisen og piknikkurv kan bestillast til dagens utflukt.
Overnattingsgjester har fri tilgang til det garden har å by på av opplevingar og attraksjonar. Det er lov å nyte litt luksus sjølv om du er langt ute på landet.
Pris for overnatting i telt eller hus, kr. 700.- pr. person inkl. frokost. Her kan de låne syklar for å utforske øya på eiga hand eller robåt som ligg ved Morkavatnet om de vil på skogstur.
Sesongen varer frå mai og ut september.