Hopp til hovedinnhold

I villglampen får du gode komfortable senger (1 dobbeltseng, 1 enkeltseng og moglegheit for å setja opp 1 ekstra seng), mjuke og varme dyner og puter, saueskinn og vedfyrt omn.

Treng du eit forfriskande bad, kan du hoppe uti ein dei mange kulpane ved elva som renn ved campen. Tallause fine turar kan takast rett frå opninga på lavvoen, anten om du vil gå i skogen eller komma deg høgt til fjells! Spør oss om turtips!

Tilbake over jordet finn du også toalett, dusj, vask og vaskerom, i låvens nyoppussa gamle mjølkerom.

Velkommen til skogs!

Kilde: Visit Voss

Hvor er Glamping, Voss?