Garden Gripen (bruk 2) er ein gard på 475 dekar, og ligg midt på Holsnøy, heilt for seg sjølv, ved padlarparadiset Storavatnet midt på øya. Gripen gard er ein heilt spesiell stad, ligg i enden av ein blindveg, og midt i villmarka. Her ser me ingen naboar, har berre kjerreveg fram til husa og difor ingen trafikk. Garden har eit autentisk kulturmiljø med flotte bøar, steingardar, bakkemurar, og mange eldre bygningar, (smie, eldhus, sag, lemstove mm) som no er restaurert. Garden er under oppbygging etter å ha lege brakk i lengre tid. Stor grindløe er no under bygging. All produksjon på Gripen gard er Debio-sertifisert.
Kva skjer på Gripen gard:
Kurs: I tillegg til gardsdrift og overnatting er Gripen ein stad for kurs, events og opplevingar. Me held relativt speielle kurs, slik at folk av og til vil kome langveis for å delta. Det kan vere ulike kurs i ulikt tradisjonelt handverk, sjølvberging, korleis overleve i villmarka, utval av material i skogen, lafting, grindbyggjing, dyrestell, økologisk hagebruk, ølbryggjing, steinmuring, bunadssaum, brikkevev, kunsten å vere småbrukar, osv osv. Det er berre å følgje med på www.gripengard.no
Berekraftig turisme:
Glamping: Overnattingar og feriar utanom det vanlege. I små minihus, liknande sheperds hut, kan me tilby koseleg og spesiell overnatting, i tillegg til ferie på ein autentisk gard med 1950-talsdrift. Eg har fleire båtar som gjestene kan bruke. Det er berre villmark kring garden så langt du ser, og det er lett å få fisk i vatnet.
Systova/Crafters nest. Superkoseleg lite hus, ala cheperds hut, med lita dobbelseng (120x200) og vedkomfyr. Her kan de lage mat på vedfyrt omn. Det er eit gasbluss i tillegg, og høve til å låne kokeplater. Dette fiksar me etter korleis de vil ha det, når de kjem. Det er eit lite komposttoalett i hytta. Ekstra ved kan hentast på garden.
Skrivestova/Writers nestKoseleg minihus med lita dobbeltseng, 140x200, og to ekstra madrassar i tilfelle det trengs. Det er to rom i huset, og komposttoalett ute, men under same tak, så ein kan gå på sokkelesten. Det er ei mengd bøker i hyllene, for regndagar eller kalde kveldar. Det er muleg å lage mat i hytta, men det er pr no ingen steikomn. Vatn i kran utanføre husveggen. Det er ein liten lun og solrik terasse med bålfat rett utanføre inngangsdøra. Ekstra ved kan hentast på garden.
Roseholmen; (“All inclusive aude øy”) På Roseholmen har me sett opp ein stor pvc-lavvo. Roseholmen er ein liten fin holme i Storevatnet. Det er tregolv i lavvoen. Lavvoen er koseleg innreidd, med skikkelege kvalitetsting og vedomn. Det er soveposar og tepper, litt ekstra kle, spel, sager, økser, og mykje anna utstyr i lavvoen. Alt frå antikke kister og kelimar, til vedfyrt vaffeljarn. Ute er det bålplass. Eg leiger ut med båt, fiskegarn og flytevester. Møbleringa i lavvoen er slik at alle kan lage det til slik dei vil ha det, lage sitt eige reir. Ofte er det ingen andre ute ikring lavvoen eller på vatnet, og du kan nyte kjensla av å vere åleine i verda. Det er likevel tilfeldigvis mobildekning der ute. Svært enkelt toalett eit stykke unna lavvoen.
Gripakletten naturvernområde: Mesteparten av skogen i Gripen er freda. Skogen er gamal urskog, kystfuruskog og arktisk regnskog. Det er ei oppleving og gå mellom dei gamle kjempane i skogen. Det er ikkje lov å slå leir i den freda delen av skogen, eller fjerne mose eller greiner, men de kan plukke sopp og bær. På hausen har me guida soppturar.
Gripaløa. Den nye løa er klar til fest, kalas, møte, seminar eller kva du vil. I Gripaløa har me stor festsal med bordplass til 60 gjester. Det er eit moderne industrikjøken til å laga mat. Internett og videokanon er tilgjengeleg i lokalet.
Events og gardsbesøk. For mindre grupper (opp til 20 om me skal vere inne) er det mykje artig å gjere, og garden ligg midt i eit herleg turområde, med skog, fjell og fiskevatn.
I Gripavika har me bygd danseplatting og utedo. Gripavika ei fantastisk perle her i Gripen. Gripaelva, som er gyte-elv for aure, renn ut her over den store grassletta i vika. Det er bålplass for stort bål og grillplassar i tillegg. Her kan det haldast store festar som jonsokfest, og det er muleg å ha små konsertar der nede. Det er og muleg å campe i Gripavika.