Hopp til hovedinnhold

Hemre Camping ligg langs Nærøydalselven og like ved E16, tilbyr campingplassen ein unik kombinasjon av komfort og naturopplevingar.

Dette området er kjent for sin storslåtte natur, med høge fjell, djupe dalar, og imponerande fossefall som rammar inn landskapet på ein dramatisk måte. 

Når du kjem til Hemre Camping, vil du bli møtt av den fredelige lyden av Nærøydalselva som renner like ved. Elva er ikkje bare vakker, men også ein fin plass for fiskeentusiaster. Her kan du prøve lykken etter ørret eller laks mens du nyter den rolige atmosfæren. For å fiske må du kjøpe fiskekort på Campingplassen. Campingplassen har eit felles kjøken i sanitær/resepsjonsbygget med kjøleskap, kokeplater, vask og vaskemaskin.

På Hemre Camping er det 4 campinghytter; 3 stk med 4 senger og ei hytte med dobbelseng+1 madrass. Det er ca. 20 bobilplassar og ca. 15 teltplassar med moglegheit for tilkopling til straum. 

Naturen rundt Hemre Camping er verkeleg spektakulær. Med fossefall som kaster seg nedover fjellsidene, blir du stadig påminna om naturens kraft og skjønnheit. Eit av de mest imponerende fossefalla i området er Stalheimsfossen, som ligg berre ein kort køyretur unna campingplassen. Denne fossen har ein fallhøgde på rundt 126 meter og er eit syn du seint vil gløyme. I tillegg kan du vandre i området og oppdage mindre kjente perler, som små fossefall og bekkefar som sildrer nedover fjella. 

Kaldaholet

Eit anna høgdepunkt i nærheten av Hemre Camping er turistattraksjonen Kaldaholet. Dette er ei hole som dukkar opp i uren og som konstant held ca. 3 grader heile året. Holet vart tidlegare brukt som kjøleskap. Du kan kikke nedi og kjenne den kalde gufsen frå hola.  

Når dagen går mot slutten, kan du vende tilbake til Hemre Camping og slappe av ved elvebredda eller foran eit bål. De omkringliggende fjella, som sakte farges rosa av den nedgående sola, gir ein perfekt avslutning på ein dag full av eventyr og naturopplevingar. 

Kort veg til Gudvangen

Det er ca 2,5 km til nærmeste fjordbygd Gudvangen der du finner bensinstasjon/butikk, Vikinglandsby, utleige av kajakk, Hotel etc.

 

Når er det ope? Hemre Camping har ope juli og august. 

Kontakt

Adresse:
  • Nærøydalen 84
  • 5747 Gudvangen
Telefon:
46 95 57 52
E-post:
teresiasofi@yahoo.no
Nettside:
www.facebook.com/profile.php?id=100057597183998

Hvor er Hemre Camping?