Hopp til hovedinnhold

Hotellet har åtte doble soverom og eit anneks, som tidligare var kårboligen. Eit avgrensa tal overnattande gjev intimitet mellom gjest og vertskap, og personleg service. Me ynskjer å gje gjestene våre ei hotelloppleving med utgangspunkt i dei tradisjonane som er knytt til staden.

Romma har difor historisk preg, men moderne bad med toalett og dusj. Frukost er inkludert i alle romprisane. Alle soveromma på hotellet har tregolv og er difor allergivenlege. Romma ligg i andre etasje, og hotellet har ikkje heis.

Dyr er ikkje tillatt, med unntak for nyttehundar.

Husum Hotel er ein typisk representant for den klassiske sveitsarstilen som dominerte byggjeskikken i Sogn på slutten av 1800-talet. Særleg hotellbygg blei sterkt påverka av denne stilarten. Fleire av desse hotella er fortsatt i drift. Det er likevel få som har teke vare på si opprinnelege form i samme grad som Husum.

Skysstasjonen vart oppført i 1835, og fekk status som fast skysstasjon i 1850. I stallen hadde Husum plass til sju hestar, og i høgsesongen var det bruk for 10-12 skysshestar. Postferdsla vart knytt til skysstasjonen i 1858, og frå omlag 1860 kom også telegrafen hit. For å drifta det utvida kommunikasjonstilbodet bygde dei eit eige hus til post og telegraf. Dette er i dag den private boligen på Husum.

  • Facebook logo
  • Instagram logo

Kontakt

Adresse:
  • Vindhella 210
  • 6888 Borgund Lærdal
Telefon:
+47 57666600
E-post:
post@husumhotel.no
Nettside:
www.husumhotel.no/

Hvor er Husum Hotel, Lærdal?