Frå Lodgen har du utsikt over dalen og elva Jostedøla, samt Vangsen og delar av Sperlestølen og Vassdalsfjellet
Du skal ikkje sjå vekk frå at du har besøk av beitande Angus dyr på utsida av vindauget. Om vinteren kan du spenne på deg skia ved huset og starte på ein av Jostedalen sine lengste toppturar, cirka 1300 høgdemeter.
Planlegg du ei utflukt med storfamilien eller venegjengen? Skal firmaet samlast til teambuilding eller møteverksemd? Er du interessert i hjortejakt? Bu landleg og uforstyrra hos Jostedal Lodge - i umiddelbar nærleik til naturopplevingar du seint vil gløyme.
Du kan få ta del i gardsdrift, om det er ønskelig. Me har og hjorteløyve som kan leigast. Me seljer også kjøt og kjøtdeig av Angus kalv, som først på våren beiter rundt Lodgen og senere i Liastølsdalen.
Som gjest hos Jostedal Lodge har du heile huset til eigen disposisjon. Med topp moderne bad og kjøken ligg alt til rette for eit komfortabelt opphald. Me tek imot små og store grupper gjennom heile året, og gjer vårt beste for å tilrettelegge etter dine ønskjer og behov.
HVORDAN KOMME HIT
Frå Sogndal må du følgje fv. 55 mot Gaupne. Køyr ca. 30 kv og sving så av til venstre, før du kjem til Gaupne sentrum, og inn på Jostedalsvegen og fv. 604. Køyr så 29 km og sving til venstre etter Kvernadalstunellen, skilt med Nedreli. Følg mot høgre i krysset oppe i bakken. Då ser du huset oppe i bakkane.
HUSET INNHEOLDER
Huset blei totalrestaurert utvendig i 2019.
I 2022 ble 2. og 3. etasje ferdigstilt. 1. etasje er ikkje ferdig enda, men målet er å bli ferdig sommaren 2023. Her kjem 3 soverom og eit bad. Totalt 5 soverom og 2 bad når det blir ferdig.
topp moderne renovert hus på 220 kvm fordelt på 3 etasjer (kun 2 klare og sengeplasser til 6)
behagelig komfort i landlige omgivelser
innlagt vann og vannbåren varme i alle gulv
wifi og tv
romsleg veranda i 2. etasje med nydeleg utsikt og mye sol
I 2. etasje finn du:
flislagt bad med massasjebadekar
stor stove med sofa og spisebord til 8 personar
stort soverom med dobbeltseng
koseleg kjøken med kjøkenkrok og sitteplassar med utsikt
3. etasje inneheld:
stort kombinert opphaldsrom og soveplass med tv
sittebenk som kan gjerast om til soveplass
soverom med 120 seng