Larsgarden Tunhotell ligg på ei fjellhylle høgt over Nordeide der Høyangsfjorden møter Sognefjorden.
Vegen snor seg med krappe svingar opp til Berge. Frå verandaen på Larsgarden ser du fjella i Stølheimen i det fjerne.
Larsgarden leiger ut heile huset under eitt og for minst to dagar om gongen. Stilen i våningshuset frå 1901 er landleg og lun, sengene er gode og lyset noko heil for seg sjølv. Måltida vert servert i den stemningsfulle gamlestova. Aperitifen kan nytast i hagen eller på verandaen med den mest storslagne utsikta! I den frodige hagen med frukttre, bærbusker og grønsaksåker kan du slappe av i drivhuset, kose deg i badestampen og sitte på benken i den hemmeleg hagen.
Larsgarden er utgangspunkt for fjellturar av ulik lengd. Vi kan tilrå «Kraftruta over Bergefjell» som går via Skålbotnfjellet 876 moh med spektakulær utsikt til grenda Berge, fjord og fjell. «På Skålbotnfjellet kan du puste fritt og la blikket kvile…»
Korleis kome seg til Larsgarden?
Larsgarden og Berge ligg 3 timar med båt og bil frå Bergen, 6.5 timar frå Oslo og 40 minutt frå Førde lufthamn.