Liv Turid Gjørøy ønskjer velkomen til sitt vesle ferieparadis på Gjørøy i Bulandet. Her kan du oppleve det vakre øysamfunnet og overnatte i det sjarmerande gardshuset eller sjøhuset hos Liv og Lyst. Hos Liv og Lyst finn du fleire unike overnattingsstader, og eit selskapslokale innreia i ein gamal fjøs. Det er utstilling av fleire kunstnarar inne i selskapslokalet, og ein fin fotoutstilling på ein bergvegg ute i tunet.
GAMLESTAUA
Er eit triveleg lite gardshus med sengeplass til 7 personar fordelt på 2 soverom og sovealkove. Gamlestaua har ein koseleg stove, bad, vaskerom, vedovn og tv.
BUALEMMEN
Er eit restaurert sjøhus med kombinert stove og kjøkken, bad 1 soverom med dobbeltseng og hems med to enkeltsenger, vaskerom, vedovn og tv.
HØYSTÅLET
ligg ved selskapslokalet og har sengeplass til to personar. Floren er ein ombygd, restaurert låve med møterom og selskapslokale.
Vertskapet Liv Turid Gjørøy inviterar til minnerike opplevingar for sine gjestar. Ta kontakt for meir informasjon og bestilling.
Du finn god uteplass ved alle bueiningane, og Liv Turid har høns på garden. Ved einingane finn du og sløyeplass og flytebrygge. Her kan du fiske på eige hand, eller vere med vertskapet på krabbe- og garnfiske. Det er og ein liten badeplass i nærleiken.
Liv og Lyst har båt til leige (16´- 19`med 5-10 hk).
Velkommen til Bulandet!