Inst i Sørfjorden, nærmare bestemt i Odda, ligg Odda Apartments. Her tilbyr dei overnatting i to nyleg oppussa og moderne leilegheiter.
Odda Apartments ligg ideelt plassert i sentrum, noko som gjer det enkelt for deg å utforska lokale butikkar, restaurantar og barar, som alle ligg i gangavstand frå leilegheitene. Turistinformasjonen, taxihaldeplass og startpunktet for shuttlebussar til populære Trolltunga ligg også i umiddelbar nærleik.
Begge leilegheitene som vart oppussa hausten 2023, er utstyrte med alle nødvendige fasilitetar for eit behageleg opphald - blant anna gratis parkering, fullt utstyrt kjøkken, vaskemaskin, WiFi og TV.
Eit opphald hjå Odda Apartments er perfekt for dei som vil utforska alt det spanande ein finn i Odda og Hardanger-regionen. Aktivitetar og attraksjonar som til dømes Trolltunga, Buarbreen, Dronningstien, sightseeing på Hardangerfjorden og Bondhusvatnet er alle lett tilgjengeleg frå leilighetene.
Leilegheit 1: 2 Soverom
Leilegheit 2: 3 Soverom
Velkomen til Odda Apartments i Hardanger!