Hopp til hovedinnhold
Bestill

Er du på jakt etter ein stad der kvardagen slepp taket, der det einaste du høyrer er bølgjer som skvulpar mot land? Olaskjeret, ein idyllisk holme i Austevoll, ventar på deg. Her kan du bu på det sjarmerande Kvitanaustet, som har si eiga private strand og plass til 8 gjestar. Perfekt for deg som lengtar etter å trekkje pusten djupt og seinke skuldrene.

Kvitanaustet

I Kvitanaustet finn du alt du treng for eit minneverdig opphald. Det koselege huset har open stove- og kjøkkenløysing, 4 soverom og 2 bad, alt med ein fantastisk utsikt over havet. Her kan du vakne til lyden av sjøen og starte dagen med eit friskt bad frå stranda rett utanfor. Enten du vil slappe av i rolege omgivnader eller kombinere opphaldet med aktivitetar, byr Olaskjeret på ei oppleving du seint vil gløyme.

Romfordeling

  • 1. etasje: Hall, stor stove, spisestove/møterom, fullt utstyrt moderne kjøkken, bad, lager, terrasse – og ikkje minst panoramautsikt!
  • 2. etasje: 4 soverom, bad, loftstove og sjøutsikt som tek pusten frå deg.

Du kan booke heile huset, med moglegheit for å velje mellom sjølvhushald eller bestille eigen kokk. Minimum opphald er 2 netter.

Olaskjeret – ei perle i Austevoll

Olaskjeret ligg i Bakkasundet på Storekalsøy, ein liten holme med rik historie. På tuftene av det gamle fiskeværet har det reist seg moderne og komfortable hus, som tilbyr ei stemning av ro og autentisitet. Her får du eit unikt opphald der nærleik til havet, båtliv og fiske står i sentrum. Vertskapet legg til rette for alt frå familieturar til teambuilding og feiringar.

Aktivitetane på Olaskjeret kan du velje sjølv, eller la vertskapet setje saman eit program tilpassa dine behov. Her kan du dra på fisketur, utforske skjergarden med båt eller padle SUP og kajakk.

På Olaskjeret får du kjensla av å vere avsides og heilt i fred, men det er berre eit minutt med båt inn til Bakkasund, der du finn både museum og daglegvarebutikk.

Slik kjem du deg til Olaskjeret

  • Eigen båt: Har du eigen båt, kan du leggja til ved brygga på Olaskjeret.
  • Bil: Frå Bergen - Frå Flesland flyplass tar det rundt 25 minutt til Krokeide ferjekai, og frå Bergen sentrum rundt 35 minutt. Ferjeturen til Hufthammar tek 35 minutt, og derfrå køyrer du 15 minutt til Bakkasund. Frå Stord - Frå Stord sentrum til Sandvikvåg ferjekai tek det rundt 30 minutt. Ferjeturen til Husavik tek 20 minutt og derfrå køyrer du 30 minutt til Bakksund. Båtturen ut til Olaskjeret tar eitt minutt, og du avtalar transport på førehand.
  • Båttaxi: Du kan bli henta med båt der du ønskjer. Bestil i god tid.
  • Hurtigbåt: Det går hurtigbåt frå både Bergen sentrum (50 min) og Flesland kai (30 min) til Hufthammar ferjekai. Olaskjeret hentar deg med bil eller båt og køyrer deg vidare til Olaskjeret (ca. 15 minutt).
  • Helikopter: Ønskjer du å kome med stil? Vertskapet kan ordne helikoptertransport om det skulle friste. Avtal i god tid.

Velkommen til Olaskjeret – der ro og eventyr ventar!

Kontakt

Adresse:
  • Øvre Austevoll 46
  • 5384 TORANGSVÅG
Telefon:
+47 901 92 826
E-post:
post@olaskjeret.no
Nettside:
www.olaskjeret.no/

Hvor er Olaskjeret?