Hopp til hovedinnhold

Bygninga er varsomt restaurert i 2017, men særpreget frå 1700-tallet er intakt. Tømmerveggar i originalfargar er henta fram, og romma er innreda med antikvitetar og klassiske møblar som gjer den rette atmosfæra. Skrivergaarden er ideell for mindre og mellomstore arrangement. Huset rommer fleire salongar, og byr i tillegg på eit velutstyrt, moderne kjøken og fem gjestetoalett. Her finst òg ein festsal med handmåla, hollandske tapet frå 1600-talet med nasjonal verneverdi. I andre etasje finn du ‘den raude salen’, kjend for sine dekorasjonar i hyrdestil måla direkte på tømmerveggane.

Skrivergaarden tilbyr komfortabel overnatting i 10 individuelt innreia soverom, oppkalla etter tidlegare lagmenn, adelsmenn og sorenskrivarar. Totalt finst det 3 enkeltrom, 5 dobbeltrom og 2 firemannsrom, alle med håndsnekra senger i Louis Seize-stil. Dei fleste soveromma har eigne bad, oppgradert i tråd med husets historie og omgjevnadene. Romma har utsikt anten til gårdsplassen eller til hagen med fjordgløtt.

Skrivergaarden har eit stort utendørsområde og ein avskjerma hage med kort veg til fjorden og elva Hjalma. Her er fine turmoglegheiter i variert terreng lett tilgjengeleg, anten du ynskjer ei kort vandring mellom historiske stølar, ein lett fjelltur eller ein lengre dagstur. Langs Hjalma er det opparbeida ein grusveg som gjer fine nærnaturopplevingar. Her er det òg moglegheiter for laks- og ørretfiske i sesong. Tett på ligg dessutan dagsturhytta på Naustdalskamben, som gjer ei spektakulær utsikt inn til Nordfjordeid sentrum og Hjelmelandsdalen, samt utover Nordfjorden. På Skrivergaarden har du det perfekte utgangspunkt for alle moglege slags aktiviteter, heile året. Med kort avstand til Hjelmelandsdalen og Harpefossen alpinanlegg ventar dei store naturopplevingane, anten du føretrekk fjelltur til fots eller topptur på ski. Her organiseres også rideturer.

Skrivergaarden har gjennom mange år husa kultur, og målsetningen er at staden igjen skal verte ein levande, kulturell møteplass med både kunst og musikkopplevinger. Mellom anna har dei no starta opp med månadlege kunstutstillingar gjennom heile året, og Skrivergaarden er difor ein stad også for kulturopplevingar. Det er i tillegg kort avstand til Operahuset Nordfjord som rommar både kultursal, kinosal og bibliotek.

Ærverdige Skrivergaarden gjer ei eksklusiv, historisk ramme rundt ditt arrangement og er ein perfekt stad å samlast, både for bedrifta, familien og vennegjengen. Kombinasjonen av historie, tradisjon og moderne fasiliteter gjer dette til ein unik møtestad, ideell både for styremøter, kurs og konferanser, eller for å markere høgtider og spesielle anledninger. Medan nærleiken til fjord og fjell gjer Skrivergaarden til det perfekte utgangspunkt for ei variert aktivitetsferie. På Skrivergaarden skreddersyr dei kvart arrangement og sørgjer for at gjestene får ei uforgløymeleg oppleving.



Kilde: Nordfjord

Kontakt

Adresse:
  • Løkjavegen 184
  • 6773
Telefon:
+47 47285709
E-post:
ingrid@skrivergaarden.no
Nettside:
skrivergaarden.no/

Hvor er Skrivergaarden