Tenk å kunne vakne opp i vakre Steinsund, høyre fuglane kvitre. Du stig opp, tar deg ein kopp kaffi og ser ut på vågen. Du løftar blikket mot fjella i aust. Ikkje langt borte duvar storhavet. Dit vil du dra, kanskje ventar storfisken? I hamna ligg båten klar, og du seglar mellom holmar og skjær i det vakre øyriket.
Kor ligg Steinsund Marinesenter?
Steinsund Marinesenter ligg i kommunen Solund ytterst i Sognefjorden. Frå Bergen er det om lag tre timar med bil, og du må ta ferja som går i mellom Rutledal - Rysjedalsvika - Krakhella.
Leiligheter og hus
Steinsund Marinesenter har fire hytter til utleige og størrelsene varierer frå 35 til 75 kvm. Alle leilighetene er inkludert kjøkken, stove, bad og soverom. Som gjest kan du nytte deg av vaskemaskin og tørketrommel, samt sløyebenk for fisken du har fanga. Det er også moglegheter for røyking av fisk. Inkludert i vekesprisene er ein båt på 20 fot.
Holmenblikk
Holmenblikk er eit familiehus med direkte utsikt på den historiske Steinsundholmen. Huset inneheld 8 sengeplasser, to bad og ellers andre fasilitetar ein treng.
For informasjon om prisar kan du sjå her
Opplev Solund
Med 1700 øyar, holmar og skjer vest i havgapet er Solund eit populært reisemål for alle som leiter etter spennande naturopplevingar.
Aktivitetar i Solund
Solund er eit eldorado for fiske i sjøen og hav. Her er også fint å tilbringe ein dag i kajakk, eller å leige seg ein sykkel og sykle dei lite trafikkerte vegane. Reis på øyhopping med den lokale postbåten, dra på fyrsafari til Utvær eller padle mellom holmar og skjær saman med Sognefjord Active. Du finn meir informasjon om kva du kan gjere i Solund her