På Stord Hotell bur du sentralt i flotte Sunnhordland, høgaste punktet i Leirvik med nydeleg utsikt over heile Sunnhordlandsbassenget. Her finn du moderne konferanse- og selskapsfasilitetar, lekre nyoppussa lokale, eit kreativt kjøkken, samt rause tilsette som er lidenskapeleg opptekne av å gje deg dei beste opplevingane.
Ved Stord Hotell si nye velværeavdeling, Vikjo Bad, kan du bada i kvalitet, luksus og velvære. Ein stad der du verkeleg kan kobla av, nyta den deilige atmosfæren, og henta heilt ny energi.
Med hjarte for gode opplevingar
Stord Hotell har lang erfaring med alle typar selskap som bryllup, konfirmasjon, dåp og feiring av dag og me har fleire ulike og flotte selskapslokaler. Hos hotellet er moglegheitene mange for feiringar i alle former – store, små, korte og lange.
Velkomen til vakre Stord!