Hopp til hovedinnhold

Velkomen til Turtagrø Hotel – eit historisk landemerke i hjartet av Norges mest alpine fjellområde

Her møtest storslagen natur, moderne komfort og ekte fjelltradisjonar. Anten du er ein eventyrlysten klatrar, ein turgåar som søkjer ro i naturen, eller rett og slett vil nyte god mat og verdsklasseutsikt, er Turtagrø staden for deg.

Overnatting

På Turtagrø Hotel kan du velje mellom to overnattingsalternativ:

Hovudhuset frå 2002: Moderne rom med hotellstandard, designa av arkitekta Jarmund & Vigsnæs, der naturen vert invitert inn med reine linjer og naturmateriale.

Sveitservillaen frå 1888: Her bur du side om side med fjellpionerane si historie. Sveitservillaen er eit rimelegare alternativ med 2-, 4- eller 6-sengsrom. Hotellfrukost er inkludert, og felles dusj, toalett og tørkerom er tilgjengeleg.

Restaurant

Spisesalen på Turtagrø er eit lyspunkt i både smak og utsikt. Nyt ein herleg, sesongbasert trerettars meny laga av lokale råvarer, medan du let blikket vandre mot Hurrunganes dramatiske toppar.

Fjellbibliotek og fellesskap

Ta ein pause i Turtagrø Fjellbibliotek, som rommar bøker om fjellsport frå heile verda, eller slå av ein hyggeleg prat over ein kopp kaffi i peisestova.

Praktisk informasjon

Sesongen startar frå påske og varer til midten av september. Det er ope i langhelger om våren og hausten, og kvar dag i sommarperioden frå 20. juni til 31. august.

Velkomen til fjelleventyret på Turtagrø!

Guida turar med BreogFjell

Turtagrø Hotel har tett dialog med guide firmaet BreogFjell som har guida turar til toppar som Store Ringstind (ski/bretur), Store Skagastølstind (klatring), Lavskar (bretur) og Dyrhaugsryggen (tinderangling). Hotellet opnar i påska, og held ope til primo september!

Kvar ligg Turtagrø Hotel

Turtagrø ligger ved oppstigningen til Sognefjellsveien riksvei 55, 14 km frå Skjolden i Luster Kommune.

Kontakt

Adresse:
  • Turtagrø
  • 6877 Fortun
Telefon:
57680800
E-post:
hotel@turtagro.no
Nettside:
www.turtagro.no

Hvor er Turtagrø Hotel