Hopp til hovedinnhold
Bestill

Hos Værlandet Havhotell kan du leve fritt og utforske øyriket Værlandet og Bulandet på din måte - i ditt tempo. Værlandet Havhotell byr på overnatting i moderne arkitektur i eit ope landskap med himmel og hav tett på, og med majestetiske Alden som næraste nabo i horisonten.

Kor ligg Værlandet Havhotell?

Værlandet Havhotell ligg på øya Værlandet vest i havet i Askvoll kommune. Det er om lag to timar reisetid frå Førde til Værlandet, og 3-4 timars reise frå Bergen til Værlandet. Du må ta ferga som går frå Askvoll eller Fure til Værlandet. Det er også mogleg å reise med ekspressbåten til Norled som har daglege avganger frå Bergen eller Selje til Askvoll. Frå Askvoll tar du ferga som går ut til Værlandet. På kaia kan du leige deg sykkel hos Joker Værlandet.

Om Værlandet Havhotell

Værlandet Havhotell er eit leilighetshotell som tilbyr unik overnatting med hotellstandard og flott havutsikt frå alle rom. Her er totalt 8 rom/bueiningar som kan bestillast som dobbeltrom eller enkeltrom. 6 av desse romma kan oppgraderast til familierom med ekstra soverom på gangen. Du vil då få to-roms leilighet. To av romma er universell utforma.

Begge hotellbygga har spektakulær utsikt over himmel og hav, og alle romma har eit eige tema som pregar fargeval og interiør. Stikkord for turen er hav, natur, dyreliv, geologi, fauna, fiskeri og historie.

Detaljar om bueiningane

Romma er innreia med dobbeltsengar og møblar som sikrar deg som gjest eit praktisk og behageleg opphald på Værlandet. Det er plassert ei lita sittegruppe med to stk. lette lenestolar og eit lite salongbord. I tillegg til dette er romma innreia med eit lite kjøkkenbord og stolar. I alle dobbeltrom som kan oppgraderast til familierom, er det krakker inne på det ekstra soverommet som kan brukast som sittemøbel.

Alle 8 rom har eigne bad med dusj, og er utstyr med eit enkelt minikjøkken med kjøleskap/frys, to kokeplater, mikroovn og vannkoker. Her finn de enkelt utstyr til matlaging, og servise/bestikk o.l til 4 pers i kvart rom.

Dobbeltrom (familierom)

Seks av romma har eit lite soverom på gangen i same bueining med plassbygd familiekøye i størrelsen 120/75 x 200 cm. Det er eiga dør inn til det rommet.

Universal utforma

To av romma er universelt utforma, og har ikkje eit ekstra soverom.

Frukostleveranse

Værlandet Havhotell tilbyr frukost som tilleggsbestilling alle dagar i perioden mai - september. Ellers finn du minikjøkken i alle bueiningar slik at du kan lage deg frukost sjølv. Det er ikkje felles opphaldsrom eller restaurant her.

Leige av syklar

Værlandet Havhotell tilbyr leige av syklar til alle sine gjestar. Døgnpris: 300,-

Resepsjon

Resepsjonen for hotellet er lokalisert hos Joker Værlandet på ferjekaia på Værlandet.

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Tider

Vinterstengt desember - 1. april

Ukedager:
Stengt
Lørdag:
Stengt
Søndag:
Stengt

Priser

Fra:
NOK 1 900

Kontakt

Adresse:
  • Værøyhamnen
  • 6986 VÆRLANDET
Telefon:
+47 91 73 03 66
E-post:
post@vaerlandethavhotell.com
Nettside:
www.xn--vrlandethavhotell-rrb.no/

Fasiliteter

WIFI/Internett:
Utendørs fasiliteter:
Gjestehavn:
Frokost:
Parkering:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Hvor er Værlandet Havhotell?