Vik camping ligg idyllisk plassert ved Sognefjorden i sentrum av Vik i Sogn. Campingplassen har 8 hytter og plass til bubilar, campingvogner og telt. Det er kort veg til ei lita familiestrand, bensinstasjon og matbutikkar.
Vik camping er eit glimrande utgangspunkt for å utforske Vik og fjella omkring. I tillegg er det berre 100 meter til ekspressbåtkaien som har avgangar til mellom anna Bergen og Flåm. Campingen ligg 100 meter frå bustoppet i sentrum av Vik.
Campingplassen er open frå 10. mai til 30. september. Hyttene er åpne for utleige heile året.