Hopp til hovedinnhold

Vollsnes domecamp Beachfront er eit perfekt utgongspunkt for aktivitetar på vatnet som padling, fiske, bading eller vandring – eller om du berre vil slappe av og ha naturen tett innpå deg.
I Beachfront Tindefjell og Beachfront Breifonna kan du sove i bekvemme dobbeltsengar og dyner, og om de er fleire i reisefølgjet eller familien er det plass til ein ekstra på sovesofa.
Maten kan grillast på bålpanne og domene har eigen utedo med handvask. Det er ikkje dusjmoglegheiter ved domene, men de kan nytte Oppstrynsvatnet til ein vask!
Alt av utstyr, toalettvogn og tilgong til to SUP boards er inkludert i prisen.

Velkomne!

Kilde: Nordfjord

Kontakt

Adresse:
  • Hjelle
  • 6798
Telefon:
E-post:
post@vollsnes.no
Nettside:
vollsnes.no/

Hvor er Vollsnes Domecamp Beachfront?