Hopp til hovedinnhold

Kajakk

FjordKysten er eit eldorado for padling. Med tusenvis av øyar, holmar og skjer i vakker urørt natur gir kysten av Sogn og Fjordane deg nokon av dei beste padleopplevingane Norge har å by på. Oppdag øyriket med holmar, skjer, lune viker og kvite strender.

Norway Adventures, Sognefjord Active og Sjøbris Adventure tilbyr guida kajakkturar i FjordKysten. Alle har turar som vil begeistre alt frå nybegynnarar til den mest erfarne kajakkpadlaren. Fleire overnattingsbedrifter tilbyr også utleige av kajakk.

"Norges Venezia"

Ein kjem ikkje lenger vest i Norge enn til øyane i Solund, Bulandet og Værlandet - ofte omtalt som "Norges Venezia". Dette området er som skapt for padling med eit mylder av små og store øyar, holmar og skjer. Vegen er kort ut på storhavet, samtidig som øyane gir ly for vind og bølger. Mange tek turen hit om hausten for å surfe på bølgene.

Padle langs kvite strender og stupbratte fjell

I Måløy kan du padle langs kvite strender og stupbratte fjell. Opplev gamle handelsstader og eit rikt dyreliv.

Skjergarden rundt Florø byr på flotte forhold for padling. Ta turen til ein av dei mange øyane rundt byen eller langs ein av fjordane, som gir ly for vinden og fine forhold for padling.

Padling i Solund
Padling i Solund

Toppturar som tek pusten frå deg!

Ja, utsikta vil i hvertfall ta pusten frå deg. Kva med å prøve nokon nye og kanskje mindre kjente toppturar utan trengsel? Våre utvalgte toppturar sikrar deg storslått utsikt og instagramvenlege blinkskot!

På veg opp på Lihesten
På veg opp på Lihesten

Sykkelturar

Langs heile FjordKysten er det flotte forhold for sykkelturar. Ta med deg sykkelen på øyhopping! Her ute ligg øyane som perler på ei snor, med lite trafikkerte vegar som innbyr til fine natur- og sykkelopplevingar. Ferjer og båtar frakter deg mellom øyane, og er ei oppleving i seg sjølv. Det er også flotte forhold for sykling på fastlandet, og her kan du kombinere sykkeltur med spanande kulturopplevingar.

Sykle til Refviksanden og nyt late dager på ei av Norges finaste strand
Sykle til Refviksanden og nyt late dager på ei av Norges finaste strand