Herregarden frå 1665 ligg i vakre Rosendal, mellom fjordar, isbrear, fjell og fossar.
I 1658 var det bryllup mellom Karen Mowat, den rikaste arvingen i Norge, og Ludvig Rosenkrantz, ein dansk adeleg. Karen Mowat og Ludvig Rosenkrantz fekk garden Hatteberg i bryllupsgåve. De bygde heimen sin her, og kalte denne Rosendal.
Baroniet Rosendal
Slottet frå 1665 omgjeve av fjord, bre, fjell og foss.
Kulturprogrammet - opplevingar i verdsklasse
Baroniet Rosendal byr kvar sommar på eit fantastisk innhaldsrikt kulturprogram. Både konsertar og teaterstykke står på programmet. Fleire av arrangementa kan kombinerast med mat og overnatting på Baroniet Avlsgård & Fruehus.
Rosendal Kammermusikkfestival, som blei grunnlagt i 2016 av pianist Leif Ove Andsnes, er eit høgdepunkt av mange.
Fantastisk hage - og omvising i Baroniet Rosendal
Ein guida tur på er ei reise tur gjennom ulike epokar. Romma speglar eigarane gjennom 250 år, og baroniet er teken vare på som ein heim – slik det såg ut då eigarane forlot det i 1927. Frå då vart UiO eigarar.
Ludvig Rosenkrantz og Karen Mowatt sin vesle herregard fra 1660-talet er omkransa av vakre og historiske eigedomar, inkludert ein renessansehage, ein romantisk landskapshage og kjøkenhagen.
Frå Rosendal hage får du ei storslått utsikt over fjella Malmangernuten, Melderskin og Laurdalstind, og over Hattebergfossen og Hardangerfjorden. Hagen er bygd opp over fleire hundre år med skiftande stilar innan hagearbeid. Her kan du oppleve meir enn 300 års hagehistorie.
Legg besøket innom Hagekaféen
Her står også opplevingane i kø. Gode smakar og mykje flott å sjå mens du nyt lunchen!
Maten baserer seg på friske råvarer frå Baroniet Rosendal sin eigen urte- og kjøkenhage, i tillegg til lokale produsentar.
Omgjevnadane er mektige!
Baroniet Rosendal er omgjeve av fjell, fjord, fossefall og bre. Det er ei heilt spesiell kjensle å sjå opp på dei mektige fjella. Malmangernuten og Melderskin er også populære turmål.
Tips til fjellturar i nærleiken av Rosendal
Fleire tips til turen i Sunnhordland
Legg inn stopp i Sunnhordland og opplev meir!