Hopp til hovedinnhold

Frå Fugleskjærskaia i Florø har rutebåten fleire avgangar i løpet av dagen slik at du kan oppleve dei flotte øyane i Florabassenget. Her finn du informasjon om korleis du enkelte kan navigere deg rundt.

Rutetider

Rutebåten som driftes av Norled går frå Fugleskjærskaia i Florø og har daglege avgangar. På skyss.no eller på Norled sine heimesider kan du legge inn avreise og ankomst og kvar tid du ønskjer å reise, så vil du få opp alle rutetidene til den gitte destinasjonen.

Stjernestopp*

Enkelte stopp, slik som på Kinn er såkalla stjernestopp. Du må difor førehandstinge rutegåande båt før den har avgang frå Florø. Du finn informasjon om kva øy som er stjernestopp på skyss.no

Booking og betaling

Det er ikkje mogleg å tinge plass for gåande passasjerar ombord i båtane, men det er svært viktig å tinge anløp av båten før avgang frå Florø om du skal til eit såkalla stjernestopp. Om du skal reise med bil må du hugse å tinge plass her. Denne plassen kan du tinge fire veker før avgang.

Alle billettane betalar du ombord.

Båtrute frå Florø til Kinn

Den mest etterspurte båtruten er frå Florø til øya Kinn der du kan oppleve Kinnaklova, mellomalderkyrkja og den vakre naturen. Under finn du detaljert informasjon om reisa frå Florø til Kinn

Båtruta frå Florø til Kinn høyrer til under rutetabell 292 og har mellom anna stoppestad på Barekstad - Batalden - Fanøy - Rognaldsvågen - Kinn. På skyss sine sider under båtar i Sunnfjord finn du detaljert rutetabell med informasjon om rutetider, og direktenummer til passasjerbåten.

Reis til Svanøy, den sørlegaste og frodigaste øya i Florø

"Sunnfjords perle" Svanøy har opplevingar for både liten og stor, og byr på store natur- og kulturopplevingar. I rutetabell 291 under båtar i Sunnfjord: Florø - Veisund - Askrova -Stavang og Svanøy finn du informasjon om rutetider og kontaktinformasjon til passasjerbåten.

Reis med Kystvegsekspressn mellom Florø og Måløy

Ønskjer du å reise mellom dei to byane Florø og Måløy er Kystvegsekspressen eit fint alternativ. Her kan du enkelt reise på dagsturar mellom byane.