Hopp til hovedinnhold

I hjarte av Fjordkysten og Sunnfjord arbeider reiselivet ikkje berre for å skape uforgløymelege opplevingar, men òg for å verne og bevare vår unike kulturarv og naturmangfald.

Merket for Berekraftig reisemål

Fjordkysten og Sunnfjord er ein del av den nasjonale merkeordninga Berekraftig reisemål. Merket betyr ikkje at destinasjonane er hundre prosent berekraftige, men at dei arbeider systematisk med berekraftig reisemålsutvikling. Forbetringane må dokumenterast kvart tredje år. Ordninga har oppnådd "GSTC-anerkjent status", gjeve av Global Sustainable Tourism Council (GSTC).

Miljøsertifisering

Visit Fjordkysten og Sunnfjord er Miljøfyrtårn, eit symbol på vår forplikting til berekraftig praksis og miljøvenleg turisme. Denne milepælen understrekar vår forplikting til å leie an i å fremje berekraftige praksisar i vår region.

I tillegg gjennomførerer reisemålsleiinga tiltak som informerar, støttar og oppfordrar auka berekraft og miljøsertifiseringar.

Vegkart for reiseliv 2025-2030

Fjordkysten og Sunnfjord utviklar seg med ei felles retning for berekraftig vekst, samarbeid og heilårs opplevingar. Vår reisemålsstrategi skal sikre at både gjestar, lokalsamfunn og næringa vinn – i balanse med natur og kultur.

Innbyggarundersøkinga

Hausten 2024 gjennomførte Visit Fjordkysten og Sunnfjord ei innbyggarundersøking for å kartleggje innbyggjarane sine erfaringar og haldningar til turismen i regionen.

Undersøkinga har hjulpe oss med å identifisere både dei positive effektene og utfordringane turismen medfører, og gir oss rettleiing for å gjere nødvendige tilpassingar.

Nokre av hovudfunnene frå undersøkinga:

  • Besøksforvaltning: Det er viktig å sikre god forvaltning i populære område for å redusere negativ påverknad.
  • Regulering av besøksvolum: Spesielt i høgsesong og ved populære attraksjonar, for å unngå overbelastning.
  • Infrastrukturtilrettelegging: Forbetring av sanitæranlegg, parkering og boss-stasjonar.
  • Bevaring av natur: Tilrettelegging og vern av naturen, og å informere turistar om ansvarleg ferdsel.

Gjennom strategisk planlegging og samarbeid med både innbyggjarar og næringsliv, vil vi vidareutvikle Fjordkysten og Sunnfjord som ein berekraftig og gjestfri destinasjon for alle. Takk for at du er med på å ta vare på det som gjer regionen vår unik!

Ansvarleg marknadsføring

Ansvarleg marknadsføring handlar om å forstå ulike gjesters behov og forutsetningar, og gje dei gode, realistiske bilete av reisemålet og tilboda som fins, både før ankomst og under opphaldet.

Reiselivsaktørane i Fjordkysten og Sunnfjord arbeider definerte prinsipp for ansvarleg marknadsføring.

Related articles