Hopp til hovedinnhold

Friluftsliv for alle <3

Forsøpling i hav, fjøre og vassdrag er dessverre ikkje eit sjeldant syn. Forsøpling truar både dyr og menneske, og er negativt for friluftsliv og turisme.

Fjordane Friluftsråd er eit interkommunalt friluftsråd med Solund, Askvoll, Kinn, Bremanger, Stad og Stryn som medlemskommunar, og vil gjere friluftsliv til ein naturleg del av kvardagen for alle. Saman med medlemskommunane og fylket arbeidar Fjordane Friluftsråd med å planlegge, gjennomføre og organisere tiltak mot marin forsøpling. Samtidig som dei arbeidar med eit mål om å auke deltakinga i friluftslivet.

Norges kyst skal ryddes for plast!

Vestland har eit variert, langstrakt og utfordrande landskap med ei oppstykka kystlinje. Her finn du heile 19 399 kilometer med fjordar og 13 608 øyer. Kystlinja i Vestland er svært vêrutsett med vind, tåke og mykje sjø med dønningar og drag, noko som gjer at det nokre stader berre er mogleg å komme til land eit par gonger i året. Plastforsøpling er eit stort problem langs Vestlandskysten, fordi Golfstraumen sine varme vestlige vindar fører både havstraumar og plast på avvege til kystlinja i Vestland.

Nokre av hovudprosjekta for Fjordane Friluftsråd er å drive regionale ryddeprosjekt. Desse prosjekta bidreg til å forebygge, samle og hente inn marint søppel. Les meir om prosjekta Rydd Sogn og Fjordane, Rydd Norge Vestland og Skuleturné for havet

Vær med å hald Norge reint

Fjordane Friluftsråd koordinerar strandrydding og førebyggande tiltak mot marin forsøpling i sine medlemskommunar. Dette kan til dømes vere ryddeaksjonar, skulebesøk eller innhenting av gamle båtvrak. Tross det gode arbeidet som Friluftsrådet gjer, er dei også sårt avhengig av frivillig arbeidskraft

Organiser ein ryddeaksjon på din ferietur

Frivillige ryddeaksjoner er eit effektivt tiltak for å fjerne avfall frå naturen, både før og etter det har hamna på stranda. Jo oftare det vert rydda, jo meir avfall klarer vi å fange opp frå naturen. Ønskjer du å organisere din eigen ryddeaksjon kan du gjennom Fjordane Friluftsråd få gode tips, hjelp til organisering og søke om midlar til gjennomføring av tiltak mot forsøpling.

Friluftsskule
© Ruben Soltvedt

Bli med på Kystlotteriet

Er du på ferie i området og ønskjer å bidra i kampen mot marin forsøpling? Då kan du delta i Kystlotteriet. Kvar sekk du fyller med søppel vert gjort om til eit lodd, og du er med i trekning av fine premiar i Kystlotteriets årlige trekning.

Slik fungerer Kystlotteriet:

  1. Hent ein ryddesekk på eit av utleveringsstadene, eller nytt eigen medbrakt pose.
  2. Fyll sekken med marint avfall og registrer aksjonen din her. Scan QR-koden på Kystlotteri-sekken, eller følg instruksa for å registrere sekken og bli med i trekninga.
  3. Lever sekken til staden som står nemnt her, eller sørg for at søppelet vert handtert på riktig måte.
  4. Gje deg sjølv ein high five 🙏🏻
  5. Vær med i den årlige nasjonale trekningen som vil skje rett etter nyttår.