Det er noko eige med å ha god tid på tur. Då kan ein mellom anna ta seg tid til å sjå omgjevnadene frå sykkelsetet eller gjennom vindauget på lokaltoget, og dra frå plass til plass i det tempoet ein vil. På denne turen har eg starta på Sola og reist vidare sørover til Egersund. Eg har vore innom Ølberg, Bore, Bryne, Nærbø, Obrestad og Ogna. Alle tips og anbefalingar finn du liste opp under, i ein tur som både er bra for miljø, kondis og minnebok.
Jærkysten på 1 - 2 - 3 dagar
Bli med Arne Hjeltnes på sykkel og tog langs Jærens langstrakte opplevingsland på kanten av Norge.
- Sola→
- Bore→
- Nærbø→
- Obrestad→
- Ogna→
- Egersund→
- Ogna→
Sola → Bore →
Dag 1: Softis, surfing og gjenbrukshotell
Mykje av turen er lagt til Jærruta – ei 14 mil lang sykkelrute som finn stad på koselege vegar i ope landskap, frå Sola i nord til Egersund i sør. Her er det kort veg frå sjøkanten til Høg-Jæren, slik at ein kan tilpassa sin eigen tur etter kva terreng og landskap ein ønsker.
Ved startpunktet på Sola ligg det historiske Sola Strand Hotel, som har bydd på overnatting, god mat og kvilepuls sidan 1914. Herfrå treng eg berre sykla ein liten tur før eg kjem til fyrste snacksstopp berre nokre få meter frå sandstrand og salte bølger. Her ligg Ølbergkiosken, som er populær tilbydar av mellom anna softis og «Ølbergfranske».
Jæren er godt kjend for sine fantastiske sandstrender, som faktisk strekk seg over heile sju mil. Men her er også nokre av landets aller beste surfestader! På Boretunet arrangerer dei både surfekurs og det dei kallar surfetur. Og – sjølv om du ikkje nødvendigvis er verdas beste surfar, så kan du likevel bu som ein! Innkvarteringa på Boretunet er bygga opp av konteinerar som allereie har hatt fleire liv. Først husa dei arbeidarar på ein flyterigg, så vart dei bygga om til hyblar av arkitektselskapet Helen&Hard for Stavanger kommune – og no er dei hostell og minihus her på Bore.
Naturleg nok, er det god plass til å parkera sykkelen ved ei stor strand som Bore. Men det er også mogleg å lada elbilen på Boretunet, for dei som ønsker det.
Nærbø → Obrestad →
Fleire typar kunst og overnatting på fyr!
I ein glasblåsarverkstad på Nærbø, skapar Line Mingar og Benjamin Walker handlaga, unike pyntegjenstandar og andre vakre glasprodukt. MingarWalker tilbyr også opplevingar der besøkande får testa og lære meir om glasblåsing.
På Hå gamle prestegard har presten flytta ut, og jærhusa er i staden fylt med spanande kunst og utstillingar. Her møtast både samtid og kulturhistorie, og like nedanfor ligg også eit urgamalt gravfelt og Kongevegen. I kafeen kan du nyta eit godt, lokalt måltid og ein kopp kaffi.
Fyrferie har auka i popularitet dei seinare åra, og på Jæren er Obrestad fyr frå 1873 eit godt alternativ. Dette er det fyret på fastlandet i Noreg som ligg lengst mot vest. I tillegg til fyrmuseum er det her smakfulle og moderne innreia bustader som tilbyr overnatting heile året – og alt er drifta av Hå gamle prestegard. Finn du forresten kunstnaren Pøbel si «Surfedame»? Verket er måla på eit lite bygg nede ved stranda.
Andre overnattingsmoglegheiter i området er Kvassheim fyr (drifta av Jæren friluftsråd), Hotell Jæren og Bryne Kro & Hotel.
Verdt ein omveg:
Kunstnaren Pøbel er kjent for både overraskande og tankevekkjande verk i området, og no kan du oppleva tolv av verka hans langs Jæren – frå Stavanger i nord til Vigrestad i sør. Rett og slett din eigen Pøbelsafari. Besøk gjerne også friluftshuset på Orre – der det mellom anna vert arrangert fullmånekonsertar og temautstillingar om natur og friluftsliv.
Ogna → Egersund → Ogna →
Sjarmerande byliv, friskt hav, kultur og trekrone-hytter
I tillegg til sykkel er også tog eit godt framkomstmiddel som eigner seg godt for oppdagingsferd i disse traktene. Jærbanen går mellom Stavanger og Egersund, og heile strekninga er unnagjort på like over ein time. Du kan også kjøpa 24-timarsbillett, så blir det enkelt å hoppa av og på.
I Egersund finn du ein av Noregs best bevarte trehusbyar, med mykje særpreg, historie og sjarm. På Grand Hotell Egersund ligg den alltid like trivelege Eigra kjøkken & bar, som freistar med alt frå smårettar til 5-rettars. Dette er kvalitetsmat som kan heva ein kvardag – eller sette stemninga på eit festleg lag med gode vener. Du kan gå på tur til det festlege ikonet Trollpikken i Magma UNESCO Global Geopark, og mykje meir. I Egersund driftar dei også ei flytande badstue i hamnebassenget, med eigen stamp med kaldt vatn på utsida. Friskt!
Den allsidige kulturscena Ogna Scene, har husa mang ein konsert sidan dei starta opp for fleire enn tjue år sidan. Scenen ligg i Grønefed kulturtun sine trivelege og retro lokalar, og i tillegg til konsertar vert det arrangert alt frå foredrag og quiz til historiekveldar og loppemarknad her. Sjå kulturkalender for arrangement.
Ei overnatting utanom det vanlige finn du hos Trekronå på Ogna. For å verna om naturen er hyttene satt på stativ mellom trea – og 4-5 meter over bakken kan du sova komfortabelt og vakna opp blant fuglekvitter og sus frå bekken.
Meir klar for eit historisk hotell? Då kan eg anbefala Grand Hotell Egersund, med atmosfære frå 1870-talet – men med høgst moderne rom og fasilitetar.