Det heile starta med at Tone Andal flytta heimatt til Måløy. Her ville ho skape liv og røre på dei då grå og triste veggane i byen.
Viss eg skal bu i Måløy ønskjer eg å ha noko kult her. Fordi eg lika å ha noko fint å sjå på. Eg er kunstinteressert og har mange venna som er det og.
Og slik blei det aller første motivet til. Ideen var å lage eit kystkulturprosjekt der forskjellige kunstnare skulle lage maleri som representera både kultur- og kystkulturhistoria til Måløy.
Fiskaren som du finn i sentrum representera fiskehistoria med både måsar og storm. Gullkjede er eit symbol på lukrativ næring i byen, samt bygdekorrupsjonen som har funne stad gjennom tiår. Litt seinare kom den fargerike krabben opp. Denne symboliserer mangfald, fridom og solidaritet.
Det er viktig at vi menneske tar vare på kvarandre. Tilbakemeldingane har vert strålande og folk er positiv og glad for kunsten som er kommen opp. Dette gav motivasjon til å kunne fortsette å finne veggar. Draumen er å kunne få opp 35 veggmåleriar.