I Sunnhordland handlar arbeidet med berekraftig reiseliv om å balansera opplevingar og ansvar. Vi vil skapa reiselivsopplevingar som ikkje berre imponerar, men som òg tek vare på miljøet og respekterer den lokale kulturen. Målet vårt er å sikra at turismen gir ei positiv effekt for alle involverte – frå lokalbefolkninga og reiselivsverksemdene til dei som kjem på besøk og søker det ekte.
Gjennom berekraftsmerket har vi eit viktig verktøy som hjelper heile reiselivsnæringa å arbeide saman mot felles mål. Merket fungerer som ei rettesnor der både små og store aktørar kan få støtte til å ta berekraftige val i drifta si. Slik vernar vi om Sunnhordlands naturrikdommar og sikrar trygge, gode arbeidsplassar som skapar liv og aktivitet i regionen heile året.
Ved å prioritera langsiktige løysingar kan vi tilby besøkande ei oppleving av Sunnhordland som er så ekte at du må vera her for å tru det – samstundes som vi sikrar at kommande generasjonar òg kan nyta den same prakta.
Les meir om berekraftig reiseliv her.