Hopp til hovedinnhold

1. Gastronomiske opplevingar hos Leonards Forlaavelse

Leonards Forlaavelse er ein særprega spisestad og oppleving, med eit stort utval oster og lokalmat på menyen. Her finn du også gardsutsal m/låvebakst, lokalmat og stor ostedisk, interiørbutikk og brukt/antikavdeling i Intim og autentisk atmosfære.

2. Jakob Sande-tunet

Den folkekjære diktaren Jakob Sande er fødd og oppvaksen på Klokkargarden i Dale. På Jakob Sande-tunet finn du bestefarsstaua, senter for forteljekunst, gamle skulehuset, løa og våningshuset med diktar-residens og overnatting. Her kan du få informasjon og omvising i diktarens fotspor.

3. Fjelltur til Heileberget

I mektige Dalsfjorden finn du fjellturen opp til Heileberget, eller Fløgen som nokon kallar det. Turen er mektig, og frå dei 761 høgdemeterene på toppen får du storslått utsikt og ei utruleg naturoppleving.

4. Fossedalen

Fossedalen er ei naturperle på nordsida av Dalsfjorden. Vandre til Fossedalsfossen. Kanskje det freistar med eit bad?

personer vandrer mot ein foss. grønne trer rundt.
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

5. Korssund

Korssund er ein gamal gjest-gjevarstad heilt vest i Fjaler kommune, med ei rik og spanande historie. Staden har fått navnet sitt etter ein 4 meter høg steinkross som vart reist av kong Olav den Heilage om lag år 1030 under kristninga av Noreg. Korsen er av typen "Olavkross", og er ein av dei største i landet. Korssund er ei naturleg god hamn, og her er eit myldrande båtliv om sommaren.

6. Dagsturhytta Vidsyn på Bygdeheia

Ønskjer du ein fin tur for heile familien er dagstyrhytta på Bygdeheia eit fint turmål. Dagsturhyttene er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.

7. Laks og sjøaurefiske i Flekke og Guddalsvassdraget

Leita du etter fiskeopplevingar? Då er du komen til rett stad. Guddalsvassdraget strekkjer seg omlag 30 km frå Flekkefjorden til fjellet i Guddal. Dei første 8,5 km opp til Harefosssen utgjer anadrom del av elva.

8. Gå ikkje glipp av Teaterfestivalen i Fjaler

Kvart år i september vert teaterfestivalen i Fjaler arrangert. I fire dagar vert gatene i Dale fylt med spennande opplevingar som du kan delta på. Om kveldane vert da konsertar og underhaldning.

Finn meir inspirasjon til reisa di