Om turen
Den 400 år gamle renessansekyrkja i Årdal er spesielt kjent for sine godt bevarte veggdekorasjonar. Kyrkja er dessutan ei annekskyrkje, og presten måtte ri frå hovudsoknet Hjelmeland når det var gudstenester i Årdal. På denne turen blir du betre kjent med kyrkja, men også med Prestavegen som ein gong var så dårleg at han tok livet av ein prest. Og kanskje tok årdalsbuane livet av ein fut på Prestavegen?
I kyrkja møter du også nokre av dei frittalande prestane frå 1800-talet.
Møtested:
Frammøte ved Årdal gamle kyrkje.
Dato og sted:
Laurdag 31. mai 2025
kl. 14:00 - 15:00
Pris:
150 NOK
kontakt magnar.riveland@hjelmeland.kommune.no for booking av tur.