Symjehallen er lys og moderne med dusjbåsar i alle dusjar og badstu i kvar garderobe. Det er tilrettelagt med handicapgarderobar og rampe ned i opplæringsbassenget
Oddetalshelger (frå fredag til søndag) tilbyr dei hinderløype i 25 meters-bassenget, og partalshelger er 3. og 5.m hoppe/stupetårn ope.
I feriar og ved andre særskilte høver kan hinderløypa vera i bassenget også ved andre tidspunkt. Følg med på nettsida eller Facebook-sida til Bømlo symjehall for oppdatert informasjon.
Symjehallen har lagt til rette for eigne tider for dei som ønskjer å symja i banar. Dei har faste timar i veka med Aqua gym og Aqua Run, og har også eigne tider som er tilrettelagt for seniorar.
Det tilbys også kurs for baby- og småbarnssymjing
I symjehallen er det ein badebutikk der du kan få tak i det du har behov for av badetøy, symjebriller, badehetter, armringar, litt badeleikar og liknande. I resepsjonen er det ein liten kiosk der dei bl.a sel brus og is.