Hopp til hovedinnhold

NB! Sjå oppdatert informasjon om parkeringstilhøva lengre nede i turskildringa og kart over parkeringsområda i biletkarusellen

Dronningstien - H.M. Dronning Sonjas panoramatur, også kjent som Dronningstien i Hardanger, har dei siste åra sigla fram som blant dei mest populære og vakraste fotturane i Noreg. Med spektakulær utsikt til Sørfjorden langs heile turen, er det lett å forstå kvifor H.M. Dronning Sonja har dette som ein av sine favorittar.

Turen, som går i høgfjellet mellom Kinsarvik og Lofthus, tek 6-9 timar og er av det krevjande slaget. Men undervegs har du nydeleg utsikt til Sørfjorden, isbreen Folgefonna og andre perler i Hardanger. Med sine 1.100 høgdemeter, får du oppleva kontrastane i Hardanger-naturen på nært hald. Terrenget varierer mellom skog, høgfjell og frodige frukthagar med tusenvis av epletre.

Sidan turen på 16 kilometer går mellom Kinsarvik og Lofthus, kan du sjølv velja kvar du vil starta. Dei fleste vel derimot å ha Røte i Kinsarvik som startpunkt for Dronningstien. Ta av ved Esso-stasjonen og følg vegen oppover så langt det er asfalt. Der kan du også parkera mot ei avgift på 100 kroner (Vipps eller overføring til konto).

Følg grusvegen frå Røte opp til Heng – 750 meter over havet. Frå Heng er stien merka med blå D'ar (D for Dronning). Siste delen av turen ned mot Lofthus, inkludert dei velkjente Munketreppene, er merka med raude T'ar.

Shuttlebus Hardanger tilbyr transport mellom start- og sluttpunktet. Rutetider og booking finn du her.

Uavhengig om du kjem ned til enten Lofthus eller Kinsarvik, så er det eit hav av andre aktivitetar og attraksjonar i nærleiken. Du finn også ei rekke ulike overnattingsalternativ i området rundt Sørfjorden. Meir informasjon om dette og andre opplevingar finn du lenger nede på sida.

Sjå turskildring og kart

Start: Røte. Forlat rv 13 i Kinsarvik i nærleiken av ESSO stasjonen, og følg vegen oppover til Røte så langt det er asfalt.


Parkering: Me ynskjer at du parkerer på Røte eller Vassmyrane (ved turstart på Kinsarvik-sida) eller ved den gamle ferjeoppstillingsplassen i Kinsarvik sentrum. På Røte og Vassmyrane er det ei avgift på 200kr. I sentrum av Lofthus er det no berre korttidsparkering (4 timar). Dersom du må parkere på Lofthus kan du parkere ved Hordatun eller ved kyrkja (når det er arrangement i kyrkja vil det vera færre tilgjengelege plassar). Det er mogleg å ta shuttlebuss eller taxi mellom dei ulike parkeringane og turstart. Sjå alle parkeringsområda på kartet i biletkarusellen.

Total stigning: 1.100 meter
Tid: 6-9 timar
Sesong (normalår): Juli – midten av september.
Shuttletransport: Shuttlebus Hardanger

Kontakt

Adresse:
  • 5780 Kinsarvik
Telefon:
+47480 70 777
E-post:
turist@ullensvang.kommune.no
Nettside:
www.hardangerfjord.com/

Fasiliteter

Avstand:
  • 14.1km
Parkering:
Vanskelighetsgrad:
  • Ekspert (svart)
Sesong:
  • Sommer
  • Høst

Hvor er Dronningstien - H.M. Dronning Sonjas panoramatur?