På vestsida av Sørfjorden i Ullensvang, ligg Åkre Gard optimalt plassert for produksjon av gode, tradisjonsrike Hardanger-eple. Her har dei dyrka frukt i heile åtte generasjonar, men dei siste åra har dei fokusert på produksjon av eplemost, brennevin og sider frå Hardanger under merkevara Edel Sider.
Sideren til Arita og Gjermund kan visa til ei rekke prisar, både nasjonalt og internasjonalt, og det er ikkje utan grunn. Paret har tatt den tradisjonelle sideren frå Hardanger eit skritt vidare ved bruk av champagne- og charmant-metoden. Dei edle dråpane er å få kjøpt i utsalet på garden, Vinmonopolet og restaurantar. Frå og med mai, kan du reisa frå sidergard til sidergard og smaka på det beste fjorden har å tilby. Sjå heimesida deira for meir informasjon og booking