Explore Sogndal inviterer deg på ein guida trugetur i Sogndal. Møt guiden din ved Sogndal Skisenter og dei vil orientere deg om korleis utstyr du trenger på denne trugeturen.
Varigheit: 3 timer
Vanskelegheitsgrad: Enkel
Alder: 7+
Når går turane? Kl. 18:00 eller etter avtale. Ring Explore Sogndal på 41 65 11 75 så blir dei einig om tidspunkt.
Turar med truger på beina er ein unik og stemningsfull måte å oppleve naturen på. Det å bevege seg i djup snø og plassar ein ikkje ellers hadde oppdaga er ein fin måte å nyte naturen på. Trugeturar er ein lavterskel aktivitet som ikkje treng noko forkunnskap eller spesielt god fysisk form. Me tilpassar turen etter gruppa og forhold.
Leige av truger er inkludert i prisen.
Trugeturen kan gjennomførast alle daga, heile vinteren på bestilling. Ta kontakt!
Nødvendig utstyr
- Ullundertøy inkl.ullsokkar
- Vind/vanntett ytterjakke og bukse
- Dun/isolasjonsjakke
- Hue, hals og hanskar/vottar
- Gode og varme vintersko
- Evt ein liten sekk
- Stavar (dette kan du låne av oss om du ikkje har)
- Kraftig hovudlykt (dette kan du låne av oss om du ikkje har)