Hopp til hovedinnhold

Fiskemulegheiter i elvar, vatn og i fjorden i Eidfjord.

Fiske i fjorden er gratis. For fiske i elvar og vatn etter laks og sjøaure må du også betale fiskeavgift i tillegg til fiskekortet her . Fiskeavgifta er ikkje nødvendig for fiske i fjellet (kun for fiske etter laks og sjøaure).

På Hardangervidda er det mange vatn med fjellaure. Sal av fiskekort her. Meir informasjon på turistkontoret.

Reglar for laksefiske: villaksen er freda, noko som betyr at den bør sleppas laus. Det er kun tillatt å fiske laks i Simadalselva.

Datoar og fiskekort for laks- og sjøaurefiske i lokale elvar og i Eidfjordvatnet:

- Eio (frå 1. juli), fiskekort kan kjøpast på YX- Eidfjord bensinstasjon.
- Eidfjordvatnet, nordlige del (frå 15. juli), fiskekort kan kjøpast på YX-Eidfjord bensinstasjon.
- Eidfjord, sørlige del (frå 15. juli), fiskekort kan kjøpast på Sæbø Camping.
- Bjoreio og nedre del av Veig (frå 15. juli), fiskekort kan kjøpast på Sæbø Camping.
- Simadalselva (frå 1. juli), fiskekort kan kjøpast her

I elva Eio er det muleg å leige fiskeguide med fiskeutstyr. Kontakt Eidfjord Sportsfiske, Jesper Nielsen, tel. 99 39 87 54, epost: post@eidfjordsportsfiske.no eidfjordsportsfiske.no

Kontakt

Adresse:
  • Ostangvegen 23
  • 5783 Eidfjord
Telefon:
53673400
E-post:
turistinfo@visiteidfjord.no
Nettside:
www.visiteidfjord.no

Fasiliteter

Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Fiske i Eidfjord?