Hopp til hovedinnhold

Fjell-, fiske- og sykkeltur til Bølifossen - staden som ofte blir omtala som «perlao i dalen».

Turen startar frå Skjolden og me syklar inn Mørkridsdalen, som er ein av dei viktigaste inngangsportane til Breheimen nasjonalpark. Undervegs vil du oppleve flott landskap og høyre guiden fortelje om utviklinga frå naturhushald til nasjonalpark i dalen. Med vakkert landskap og brus frå Bølifossen, er dette ein nydeleg stad for å prøve fiskelukka. Vanskegrad: Middels Avstand sykling: totalt ca. 16 km Avstand vandring: totalt ca. 5 km Høgdemeter: 370 moh. Inkludert i turen: Sykkel, hjelm, fiskekort, fiskeutstyr, smaksprøve. Varigheit: Ca. 6-6,5 timar.

Meir informasjon og prisar på adventuretours.no

Dersom du er ute etter større fisk, vil me anbefala å prøve aure- og laksefiske i Fortunselva. Fisket er meir krevjande, men gevinsten til gjengjeld større. Elva har tidlegare vore freda for laksefiske, men har sidan 2013 igjen vore open for fangst.

Me sel også fiskekort for fiskesone 2 i Mørkridsdalen og formidlar sal for Fortunselva.


Hvor er Fjell-, fiske- og sykkeltur, Skjolden?