Hopp til hovedinnhold
Bestill

Fjord cruise på Geirangerfjorden med bilferge

Ferjecruiset på verdas mest berømte fjord tek litt over ein time mellom Geiranger og Hellesylt. Ved sidan av dei stupbratte fjellsidene og dei mange fossefalla, er det spora etter menneska som har levd og arbeidd på dei mange fråflytta fjell- og strandgardane som gjerne gir mest inntrykk. Her er legendene mange og historia nær. Enkelte av gardane hadde busetnad og var i drift heilt fram til 1950- og 1960-talet.

Audioguiding og servering med utsikt

Turen har audioguiding på fleire språk og det er servering ombord. Ferjecruiset eignar seg godt for den som vil fotografere, sidan vi har stor dekkplass utandørs. Ei av ferjene, Veøy, er også tilrettelagt for bevegelseshemma og har heis.


Heilårsferge

Ferja går heile året, med unntak av nokre få veker i desember og januar. Hausten på Geirangerfjorden med fantastiske fargar i fjella, og snøkledde fjellsider og frosne fossar om vinteren, er magiske opplevingar.

Priser

Fra:
NOK 290

Kontakt

Adresse:
  • The Fjords
  • 6216 Geiranger
Telefon:
+47 57 63 14 00
E-post:
info@norwaysbest.com
Nettside:
www.norwaysbest.com/no/se-og-gjore/fjorder/fjord-cruise-geirangerfjord/

Fasiliteter

Sesong:
  • Vinter
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
Audioguide:
Toalett:

Hvor er Fjord Cruise Geirangerfjord med ferje Geiranger-Hellesylt?