Fjord RIB Adventure på Sognefjorden! Opplev noko av det beste norsk fjordlandskap har å by på!
Med vind i håret, og til musikk frå stereoanlegget, glir du over indre delar av Sognefjorden i ein komfortabel RIB. Du får oppleve fjord, fjell og høge fossefall frå fjorden, samt høyre guiden fortelje nokre lokale historiar frå området. Eit av høgdepunkta er utsikta mot den 218 m høge Feigefossen. Me gjer korte stopp undervegs for å nyte naturen, og er me heldige, kan nysgjerrige niser og kobber dukke opp og helse på.
Varigheit: 1 time 10 minuttar på fjorden Avgangar: Kvar dag utanom søndag kl. 10.00 i perioden 20. juni - 26. august. Oppmøte ved Skjolden Brygge 15 minuttar før avgang.
For meir informasjon og online booking, besøk Adventuretours.no