FjordSafari Norway invitera til RIB tur enten frå Flåm eller Gudvangen
FjordSafari Norway brukar opne RIB båtar med maksimum 12 gjestar for å garantera deg ein personleg oppleving, og gi deg moglegheita til å koma tett på dei små bygdene og fossane langs fjorden. Nyt den fantastiske naturen og historiene fortalt av din personlege guide.
Opplev både UNESCO verdsarvlista Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden på denne ein vegs turen frå Gudvangen til Flåm. Det blir eit stopp innom geitost bygda Undredal der du får smaka og læra om alle dei pris vinnande ostane medan du nyter utsikten over fjorden. Om du finn din favorittost, har du også moglegheita til å kjøpa med deg ost frå kafeen før avgang.
FjordSafari Norway forsørgjar med nødvendig utstyr for at du skal ha ein trygg og komfortabel tur på fjorden. Det inkluderer ei flytedrakt, redningsvest, lue, vottar og skibriller. Me anbefaler alle å kle seg etter vær og temperatur, og ha lukka sko.
Alternativ 1 GUDVANGEN - GUDVANGEN: Start turen ved innsjekk i Gudvangen 13:00. Ankomst Flåm ca 15:40, der du har 1 time til å utforske bygda Flåm før shuttle bussen går attende til Gudvangen kl 17:15 (20 minutt). I Flåm kan du tildømes besøkje Flåmsbana museumet, gå på ølsmaking i Ægir BryggeriPub, eller utforske det sentrum har å by på av butikkar, kafear og kulturstiar.
Alternativ 2: FLÅM - FLÅM: Start turen med shuttle buss frå Flåm til Gudvangen kl 11:15 (20 minutt). Utforsk Gudvangen fram til innsjekk for Fjordsafari turen kl 13:00. Turen endar i Flåm ca 15:40. I Gudvangen kan du besøkje den spennande Vikinglandsbyen Njardarheimr eller nyte noko å ete frå restauranten ved fjorden. Kontakt oss på mail eller i vår resepsjon i Flåm dersom du ynskjer å ta turen Flåm-Flåm.