Hopp til hovedinnhold

Sommarskisenteret FONNA Glacier Ski Resort ligg på isbreen Folgefonna. Her er alpinløyper for vidarekomne, freestylepark frå ca. midten av juni og moglegheit for både trugeturar og huskyturar. Frå toppen av skiheisen, 1450 moh., er det fantastisk utsikt over breen, Hardangerfjorden og Nordsjøen. Den 19 km lange vegen frå Jondal sentrum til Folgefonna er ei naturoppleving i seg sjølv. Følg skiltinga til Folgefonna frå Jondal sentrum. På Fonna er det skiutleige.

Trugeturar kan bookast på breførarlaget sine nettsider og huskyturar på Folgefonna Huskycamp sine nettsider. Det er også moglegheiter for lunsj i restauranten Fonna1199.

Sesongen startar normalt sett i slutten av april/starten av mai og varer ut august.

Skianlegget er ope frå 9-15 i starten av sesongen, og frå 9-16 frå ca. midten av juni.

Fonna Glacier Ski Resort ligg 19 km frå Jondal sentrum, ein 25 minutters køyretur frå fjordkanten og opp til isbreen. Frå Bergen brukar ein ca. 2 timar til skisenteret.

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • 5629 Jondal
Telefon:
+47 941 63 929
E-post:
skishop@visitfonna.no
Nettside:
www.visitfonna.no

Fasiliteter

Kafé:
Parkering:
Vanskelighetsgrad:
  • Lett (grønn)
Sesong:
  • Sommer
  • Vår

Hvor er FONNA Glacier Ski Resort, sommerski?