Hopp til hovedinnhold

Besøk Fosnavåg for ei sauna-oppleving ytst i havgapet! Med flott utsikt frå kanten av hamna «Våje» og ut mot havet, er dette staden for eit pust frå kvardagens kjas og mas. Inviter med venner eller kollegaer og opplev den magiske atmosfæra saman.

Praktisk informasjon

Saunaen er oppvarma og klar til bruk ved ankomst, og det er ei brei og god tretrapp ned til sjøen om du vil kjøle deg ned i det friske sjøvatnet.

Med plass til opptil 10 personar og ei lita garderobe i forkant av saunarommet, er alt lagt til rette for ei komfortabel oppleving.

Parkering er tilgjengeleg rett ved saunaen.

Utforsk meir av Fosnavåg

  • Vandring og fjelltur - ein ypperleg start på dagen før du tek ein tur i saunaen. Her fins mange flotte fjellturar i området.
  • Fuglekikking på Runde - Det tek berre 30 minutt å køyre til Runde for å oppleve den flotte naturen i fjella der eller for å sjå dei majestetiske lundefuglane som hekker der om sommaren.
  • Båttur og kystkultur - bli med på sjøen med båt eller RIB for å oppleve dei vakre kystområda. For dei som er interesserte i kystkultur og historie, ligg Slippen/Herøy kystlag sitt senter berre nokre få meter unna Fosnavåg Sauna. Her ventar spanande opplevingar og historiske skattar.
  • Mat & drikke - eller kva med å avsluttemed ein kort spasertur til Fosnavåg sentrum for litt shopping og mat.

Tider

Tilgjengeleg for booking heile året

Ukedager:
07:00–21:00
Lørdag:
07:00–21:00
Søndag:
07:00–21:00

Priser

Fra:
NOK 150

Kontakt

Adresse:
  • Urholmen
  • 6090 Fosnavåg
Telefon:
+47 41 46 96 85
E-post:
sissel@heroynf.no
Nettside:
fosnavagsauna.no/

Fasiliteter

Badstu:
Parkering:

Hvor er Fosnavåg Sauna - ytst i havgapet?