Frukt- og siderruta, den einaste av sitt slag i Noreg, er eit samarbeid mellom Hardanger Saft- og Siderfabrikk, Syse Gard og Ulvik Frukt & Cideri. Samarbeidet arrangerer årleg siderslepp i mai og fruktslepp i oktober. Det er gangavstand mellom gardane frå sentrum, og alle legg vekt på å gje ulike opplevingar. Alle gardane har salsløyve for sider og utsal av ei rekke gardsprodukt.
Gardane tek i mot grupper etter avtale for omvising og smaksprøvar, min. 10 stk el. minstepris. Ta direkte kontakt med kvar enkelt gard for bestilling. Einskildturistar kan bestille omvising via tastehardanger.com.
Opplevinga består av gardsbesøk med moglegheit for å handle i butikken 6 dagar i veka. Søndag stengd.
Siderfjøl/Siderplanke 6 dagar i veka. Alle gardane har sin siderplanke som kan kjøpast på garden. Dei vert og råd å booke i skulderseong mellom 11-16 slik som omvising med smaking på tastehardanger.no eller siderruta.no
Sesong/opningstider:
Me har ope fra påske til jul. (Hardanger Saft og Siderfabrikk 9-16 mellom jul og påske). Ulvik frukt & cideri har og ope mellom jol og påske. Hovudsesong: 13.06.22- 13.08.22
Skuldersesong: 30.04.22- 11.06.22 // 15.08.22- 08.10.22
Heile året er det forøvrig mogleg for grupper å bestille smaking og omvising! Vi har stengt helligdagar, og held oss sjølvsagt til sal- og skjenkeløyve i samband med høgtidsdagar.