Hopp til hovedinnhold
Bestill

Fyksesund er den einaste fjordarmen i Hardangerfjorden uten veg til endes, og det er virkelig som å reise tilbake i tid når du utforsker denne eventyrlige fjorden.

Saman med Hardangerfjord Adventure går turen frå Øystese og fyrst ut hovudfjorden før vi køyrer inn i Fyksesund. Inne i fjordarmen vert du omgjeve av 1000 meter høge bratte fjellsider der kapteinen vil stoppe fleire plassar for å la synet av dette unike fjordlandskapet synke inn. Du vil også få servert fascinerende fakta om fjorden og dei menneska som pleide å bu her.

Fyksesund har også utallege fossefall som vi køyrer heilt opptil der du vil kjenne fossesprøyten på nært hald. I enden av fjordarmen stopper vi utanfor det veglause og autentiske kulturlandskap i grenda Botnen - eit geografisk avstengt lokalsamfunn med historisk vid kulturkontakt til omverda.

Ein RIB safari til Fyksesund er ein både magisk og interessant oppleving for alle aldrar - ei perle noko av det vakreste fjordlandskapet i Noreg. Undervegs vil du på ei trygg måte føle på kreftene i vår RIB (Rigid Inflatable Boat) som gir den vind i håret og adrenalin i blodet!

Sesong: Mai-September

Kontakt

Adresse:
  • Hardangerfjordvegen 613
  • 5610 Øystese
Telefon:
+47 932 04 417
E-post:
post@hardangerfjord-adventure.no
Nettside:
www.hardangerfjord-adventure.no/nb

Fasiliteter

Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Fyksesund RIB Fjordsafari - Hardangerfjord Adventure?