Hopp til hovedinnhold

Utsiktspunktet Geiranger Skywalk finn du på fjellet Dalsnibba 1500 moh. Underlaget på Skywalken er rister omkransa av rekkverk i glas. Med eit fritt fall på omkring 500 meter og vinden som kjem opp gjennom ristene, får du kjensla av å sveve. Rekkverket av glas gir deg uhindra utsikt over fjorden, fjella, Blåbreen og Geiranger.

Opplevingane ventar på deg heile døgnet. Nyt soloppgangen eller solnedgangen over verdsarvområdet – eller stjernehimmelen om hausten.

Om vegen til Dalsnibba

Vegen opp til Dalsnibba stod ferdig i 1939 og er eit av dei mest ambisiøse vegprosjekta i Noreg. Den 5 km lange vegen med 11 hårnålssvingar og ei stigning på omkring 10 % er i seg sjølv ei oppleving og gir deg ein forsmak på kva som ventar deg på toppen!

Café og andre tenester

  • I Geiranger Skycafé kan du kjøpe deg lunsj og noko søtt til kaffien.
  • I Geiranger Skywalk Shop finn du suvenirar og klede frå lokale merke.
  • Geiranger Skywalk Dalsnibba er universelt utforma og tilrettelagd for personar med nedsett funksjonsevne.
  • Trip Advisor logo
  • Facebook logo
  • Instagram logo

Tider

Mai–oktober: døgnopen bomveg

Ukedager:
00:00
Lørdag:
  • 00:00
  • 00:00–00:00
Søndag:
00:00–00:00

Priser

Bil:
NOK 330
MC:
NOK 170
Buss:
NOK 2 830

Kontakt

Adresse:
  • Nibbevegen 451
  • 6216 GEIRANGER
Telefon:
45 48 13 01
E-post:
booking@dalsnibba.no
Nettside:
www.dalsnibba.no

Fasiliteter

Parkering:
WIFI/Internett:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vår

Hvor er Geiranger Skywalk - Dalsnibba?