Hopp til hovedinnhold

Bestill her

Når du kjøper tur/retur billett på nett kan du gå forbi billettkøen og gå rett til vendekorset/inngangen til gondol. Bruk strekkoden som du får på epost til å koma deg gjennom vendekors. Strekkoden er berre gyldig ein gong nede og ein gong oppe. Billetten er gyldig for den dato du bestiller, ver merksam på våre opningstider. Barn under 7 år reiser gratis med Voss Gondol og treng ikkje eigen billett.

Tilgjengelighet:
Både gondolen, Hangurstoppen Restaurant og panoramaløypa (om sommaren) er tilrettelagt for dei med rullestol.

Gondolbygget er tilrettelagt med eigen rullestolinngang og heis, samt at me har fjerna midtrabatten i alle dei gule kabinane for å skape ekstra stor golvplass i desse. Me kan redusere fart ved på- og avstiging ved behov.

På Hangurstoppen er det eigen inngang mot restaurant for dei med rullestol. Inne er det heis, HC-toalett og stor plass til stol inne i sjølve restaurantlokale. Ein kan og få tilgang til messanin og møterom med heis.

Panoramaløypa er utforma slik at ein både kan trille og køyre rullestol her. Ca. 1 km, med flotte utsiktspunkt undervegs. Løypa er grusa, så dei med elektrisk rullestol kan få litt større utfordringar med løypa.

Kilde: Visit Voss

Kontakt

Adresse:
  • Evangervegen 5
  • 5704
Telefon:
+47 47004700
E-post:
post@vossgondol.no
Nettside:
www.vossresort.no/gondol

Hvor er Gondolbilletter