Hopp til hovedinnhold

Hanakamb er nok ei skjult perle blant Hardangerfjella. Frå ende til annan byr turen på spektakulær utsikt til både fjord, ville elverenn, Folgefonna isbre, grøne dalar og blågrønt brevatn. Den 1080 meter høge toppen er ca. 9 km lang og byr på ein real oppovertur på lik linje med fleire av turane i regionen, men utsikta som møter deg på toppen er premie nok for strevet. Turen er estimert til om lag 4-6 timar og startar ved kraftverket på Kvitno og går gjennom variert terreng. Fyrste del av turen går på anleggsveg ca. 300 høgdemetre opp, deretter svinger det ein sti inn mot høgre og ein fylgjer skogsstien som er markert lyseblått. Det fortsetter bratt oppover langs Raundalselva opp til Raundalsvatnet, som ligg på ca. 660 meter over havet. Raundalen er kjend for å vera slåande vakker med frodige grøne dalsider, blåturkist vatn og Folgefonna isbre som brer seg mellom fjelltoppane. Dette er den perfekte stoppestaden for ein pust i bakken før ein begir seg ut på siste del av turen opp mot Hanakamb. Fyrste halvdel opp frå Raundalsvatnet er relativt bratt, men etterkvart som ein kjem opp i ca. 1000 høgdemetre slakar terrenget noko ut bort til Hanakamb. Fjordutsikta kjem meir og meir til syne og på toppen av Hanakamb har ein panoramautsikt inn til Odda i sør og mot Lofthus og Oksen i nord.

Start: Ved Kvitno kraftverk, ca. 10 minutter køyring frå Odda sentrum.

Parkering: Parker på oversida av hovudvegen under Kvitno kraftverk. Her er det plass til fire bilar.

Lengd: ca. 9 km.

Estimert varighet: 4-6 timar.

Stigning: Ca. 1060 høgdemeter.

Sesong: Mai-Oktober (Avhengig av kor tidleg snøen forsvinn/kjem).

Kontakt

Adresse:
  • 5776 Nå
Telefon:
+47 480 70 777
E-post:
turist@ullensvang.kommune.no
Nettside:
hardangerfjord.com/ullensvang/

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Krevende (rød)
Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Hanakamb?