Hopp til hovedinnhold

Klar for å kjenne den friske haustlufta mot huda etter eit varmt og avslappande besøk i saunaen? No har du sjansen til å oppleva eit heilt spesielt HAVSPA der sjø og varme går hand i hand – perfekt for både kropp og sjel, og ikkje minst ein fin måte å vera sosial på.

Frå 7. til 13. oktober kan du og venene dine leiga saunaen for berre 600 kroner! Kvar økt varer i 60 minutt, og passar perfekt for 4-6 personar. Det er god plass til fire, men er de seks som kjenner kvarandre godt, går det heilt fint!

Slik gjer du det:

  • Ta med to handkle – eitt å sitja på, og eitt til å tørka deg med.
  • Sørg for at du er rein før du går inn, gjerne etter eit forfriskande bad i sjøen!
  • Bruk lette slippers for å gå til og frå vatnet, og la dei stå utanfor saunaen.
  • Hugs å skylla føtene med vatn frå bøtta før du går inn.
  • Berre ferskvatn på omnen i saunaen, takk!
  • Alle som bruker saunaen er ansvarlege for å halda den ryddig og fin.
  • Og viktigast av alt – kos dykk!

Dette prosjektet er eit samarbeid mellom Gjestgiveriet, Bekkjarvik Gjestehamn og Bekkjarvik vel.

Kontakt

Adresse:
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Havspa Bekkjarvik ?