Velkommen til eit vinterevetyr på Hafslo - Kanefart med Kvam Guiding og Service
Kjenn på kriblinga og spenninga ved å sitte i hestesleden under eit varmt og godt teppe, det å vera ein del av midtvinterens største eventyr. Frå sleden får du høyre historier frå området, og gjerne nokre skrøner. Kjenn på energien frå hesten som elsker å vera ute og det å ha deg med på sledetur.
Lyden av bjeller og lyset frå faklar føl deg på den stemningsfulle turen. Kjenn roen senke seg når hest og slede slynger seg innover i vintkledd skog. Alt du treng å gjere er å ta inn den friske lufta medan du sitter i sleden under teppet.
Når kusken Johannes seier PRRR så er det tid for å gå av sleden og kveike opp bål der det blir grilling av pølser, marshmellows og varm drikke.
Viktig informasjon:
Tid: 2 timar 30 minutt
Vanskegrad: Lett
Alder: Frå 3 år
Pris: 3800 kroner per hest
Møt opp: Kvam Guiding & Service sine lokaler i sentrum av Hafslo