Hopp til hovedinnhold

Velkommen til vakre Hopperstad Stavkyrkje i Vik.

Denne kyrkja representerer ei unik blanding av norrøn tradisjon og kristen tru, og dei arkitektoniske detaljane og utsmykkingane gir eit fascinerande innblikk i mellomalderens Noreg.

Då Vik nye kyrkje stod ferdig i 1877, sto dei gamle kyrkjene i Vik i fare for å bli rivne. Fortidsminneforeininga kjøpte då Hopperstad stavkyrkje frå Vik kommune for 600 kroner. Kyrkja var i svært dårleg forfatning – alle tilbygg og innreiingar var alt fjerna, og berre mellomalderdelen av kyrkja stod att.

Kyrkja slik ho står i dag, er eit resultat av ein heilt spesiell redningsaksjon på 1880- og 1890-talet. Arkitekten Peter Andreas Blix (1831–1901, kom til Vik i 1881 etter å ha kjøpt Hove steinkyrkje for eigne midlar. Han sette i gang eit ambisiøst prosjekt for å gjenreise kyrkjene i Vik. Blix hadde ei tilnærming prega av djup respekt for bygningane si historiske integritet og brukte autentiske materialar og metodar. Målet hans var å gjenskape Hopperstad stavkyrkje slik ho framstod i mellomalderen. Der Blix mangla konkrete haldepunkt, brukte han for det meste Borgund stavkyrkje som førebilete.

I dag framstår kyrkja som ei klassisk stavkyrkje med ein halvsirkelforma apsis, svalganger langs veggane, spondekte takflater og utskorne takryttarar i form av drakehovud på møna.

I Hopperstad stavkyrkje, som i mange andre stavkyrkjer, er portalane blant dei mest bemerkelsesverdige og utsmykka delane av bygningen. Utskjeringane på portalane er rike på symbolikk og fortel historier frå kristen tru og norrøn mytologi. Vestportalen i Hopperstad stavkyrkje er blant dei eldste bevarte drakeportalane i Noreg.

Ein arkitektonisk sjeldanheit i kyrkja er baldakinen, ein alteroverbygning eller alterciborium, som kviler på to frie søyler over eit sidealter i skipet. Den er dekorert med utskjeringar og gotiske biletframstillingar, truleg frå fyrste halvdel av 1200-talet. Denne alteroverbygninga er ein av dei best bevarte i Norden.

Hopperstad Stavkyrkje er den einaste stavkyrkja der mellomalderens korskillevegg framleis er intakt.

  • Trip Advisor logo

Priser

Student:
NOK 80
Familiebillett:
NOK 270
Grupper:
NOK 100
Voksen:
NOK 110

Kontakt

Adresse:
  • Prestgarden 34
  • 6893 Vik i Sogn
Telefon:
40155971
E-post:
hopperstad@fortidsminneforeningen.no
Nettside:
www.stavechurch.com

Fasiliteter

Parkering:

Hvor er Hopperstad Stavkyrkje